Verkstaden vår: reparasjon av briller
Tidlegare var optikaren handtverkar og laga det meste på brillene sjølv.
Framleis utfører vi ein del verkstad arbeid her på Havblikk Optikk.
I løpet av ein dag er det mange som kjem inn i butikken med ei brille som ikkje sit godt på nasen eller er skjeiv på øyra. I dei fleste tilfella kan vi rette på brilla slik at kunden blir nøgd og ser godt igjen.
Om du verkeleg har vore uheldig har vi likevel ei råd:
Dersom ei stang er øydelagt kan vi som oftast finne ei reservestang
Dersom ei metallbrille går av kan vi lodde den saman.
Dersom ei innfatning blir knekt ender vi av og til med eit omslip av glasa. Dette kan vi gjere for hand eller i slipemaskina vår.
Matte plastinnfatningar blir blanke og fine igjen dersom vi polerer dei oppatt.
Alle som handlar briller med oss får service på brilla i brilla si levetid, dette kan vere etterjustering av brilletilpassninga, nye puter og oppstramming av skruar, eller ei grundig reingjering i Ultralydbad,
Vi optikarane på Havblikk er stolte av å føre handverksdelen av faget vårt vidare.